Ver venleg å les våre generelle vilkår nedanfor før du registrerer deg eller di bedrift som kunde av Lunsjkollektivet. Ved registrering og bestilling av vår teneste, godkjenner du våre vilkår og betingelser.
Desse generelle vilkåra (“vilkår”) gjelder for deg som kunde (“kunden”) og Lunsjkollektivet AS, organisasjonsnummer 919 366 265, adresse Krambugata 2, 7011 Trondheim (“Lunsjkollektivet”), ved bestilling og levering av lunsj til bedrift gjennom vår nettside (“plattform”). Ved å registrere ein konto hjå Lunsjkollektivet eller bruke vår Plattform, bekrefter du å ha lest og samtykker til Vilkår. Ved å bruke Plattformen kan du bestille lunsj til deg privat på kontoret eller til alle ansatte samla i di bedrift.
Om du har spørsmål til våre Vilkår, kan du ta kontakt med vår kundeservice.
Lunsjkollektivet er ei fleksibel abonnementsordning, teneste for levering av bedriftslunsj. Det er inga oppstartsavgift eller bindingstid med mindre annet er avtalt mellom kunden og Lunsjkollektivet.
Du administrerer enkelt ditt abonnement og dine bestillinger via eigen profil på vår nettside. Det er også mogleg å bestille felles lunsj samla til bedrift.
Sunn, bærekraftig og god lunsj. Porsjonspakka til kvar ansatt for å unngå matsvinn. Varierande meny frå dag til dag, og ulike val for standard oppsett. Ulike tilvalsprodukter er også tilgjengelig som supplement til lunsjen.
Eksakte ingredienser er lista opp i våre menyer og vi merker alle Produkt i henhold til 14 merkepliktige allergen. Vi er per i dag ikkje pliktig til å merke andre mindre allergener utover dette, men vi tilrettelegger og tilpasser for allergier så langt det er mogleg.
Siste frist for å endre bestilling er kl.11:00 dagen før levering. Dette gjelder alle dagar i veka, med unntak av bestilling for måndag, som har frist fredag 11:00.
Vi bruker eksternt leveringsbyrå som leverer lunsjen til dykk innan 09:00-11:15 kvar dag. Har det skjedd feil med levering eller dykk har spørsmål, er det best å ta kontakt med oss via chat eller kontortelefon (72909005) for hurtig svar.
Alle skal få levert lunsj innan 11.30, med mindre anna avtale er inngått og godkjent av oss. Skulle det inntreffe vanskelig køyrefohold på grunn av vêr, kø eller liknande, må forsinkelse påregnes.
Når du legger inn bestilling på vår Plattform, aksepterer og godkjenner du at Produktet som er bestilt blir levert til leveringspunktet som er oppretta for den aktuelle bestilling.
Du må vere til stades på oppgitt leveringspunkt for å ta i mot Produktet. Om du ikkje er tilgjengelig for å motta bestilling ved levering, kan Lunsjkollektivet levere produktet ved dør. Ved levering ringer vi alltid opp, men om svar uteblir 2 gonger blir levering satt ved dør og bilde av leveransen sendt til kontaktperson. Når produktet er levert på avtalt adresse, vil risikoen for Produktet vere ditt ansvar.
Betaling skjer kostnadsfritt, ved trekk frå registrert betalingskort i din profil. Bedrift setjer sjølv opp kostnadsfordeling for Produktet, ved å fordele kostnad per lunsj mellom bedrift og ansatt.
Vi kan sende ut faktura om ein ynskjer dette, men vil då gjere dykk merksam på at det påløper fakturagebyr på 69 kr.
Faktura blir sendt ut kvar veke til privatpersonar. Bedrifter faktureres to gongar i månaden, medio og ved månadsslutt.
Lunsjkollektivet AS forbeholder seg retten til å seie opp avtaler som følgje av uteståande betaling.
Du er sjølv ansvarlig for at informasjonen du oppgir ved registrering av brukarkonto hjå oss er korrekt. Du samtykker til å halde pålogginsinformasjon og anna kontoinformasjon konfidensiell og sikker, og den skal ikkje delast med andre.
Lunsjkollektivet forbeholder seg retten til å revidere og endre vilkår frå tid til anna, og kunder plikter seg til å setje seg inn i gjeldande vilkår. Skjer det endringer vil vi sjølvsagt gi alle kunder beskjed i rimelig tid og framheve endringane som trer i kraft. Dette kan til dømes vere endring i pris og meny.
Lunsjkollektivet kan sende ut e-post og tekstmelding til alle kunder med viktig informasjon som omgår kundeforhold og levering av lunsj. Lunsjkollektivet kan også sende ut e-post og tekstmelding til kunder med relevant informasjon, om kunder ikkje har reservert seg frå dette.
Vi ynskjer å leverer dykk som kunder ei teneste som blir dagens høgdepunkt. Om produktet ikkje innfrir, ynskjer vi tilbakemelding på dette slik at vi saman kan kome fram til ei god løysing og tilpasse etter behov.
Vi behandlar dine personopplysningar i samsvar med Lunsjkollektivet sin Personvernserklæring
Ynskjer du å endre personopplysningar, som leveringsadresse, e-post eller telefonnummer, må du ta kontakt med oss via chat på nettside eller send ein e-post til hei@lunsjkollektivet.no
Lunsjkollektivet gir support gjennom vår kundeservice. Du har tilgang til Kundeservice gjennom chat på vår plattform. Alternativt kan du kontakte oss på hei@lunsjkollektivet.no. Vi er tilgjengelig 09:00-15:00 alle arbeidsdager.
fredag 18. august 2023